Valdresdesign.no

KRITERIUM FOR BRUK OG FORVALTING AV VAREMERKET "VALDRES"

Merkevara Valdres er bygd på kjerneverdiar som miljø, identitet, kvalitet og særpreg, og har som målsetjing å ta ut ein meirverdi på varer og tenester i regionen. Valdres skal skape forventningar som marknaden opplever blir oppfylt. Intensjonen er difor at merkebrukarane prøver å innrette produkt og service slik at vi når målet.

A. GENERELLE KRAV OG VILKÅR

1. Varemerket Valdres er eigd av Valdres Natur- og Kulturpark. Alle bedrifter, organisasjonar, lag og foreningar som har tilknyting til Valdres, skal fritt kunne bruke hovudlogoen.

2. Bruken av merket "Valdres" føreset at bedrifta/brukaren fokuserer på kjerneverdiane
til Valdres Natur- og Kulturpark (VNK).

3. Kvar bruker som går inn på www.valdresdesign.no og registrerer seg, vil få tilsendt ein e-post med brukarnamn og passord.

4. Ved registrering må brukaren forplikte seg til å bruke hovudlogoen slik designprofilen føreset. Bedrifta/brukaren må akseptere vilkåra før ein får tilgang til originalane. (Ved elektronisk søknad skjer dette via nettet).

5. Blir logoen nytta feil ut frå det bedrifta/brukaren har akseptert, vil VNK kunne forlange at materiellet blir omgjort for brukarens rekning. I grove tilfelle kan VNK avgjera at brukaren ikkje lenger får tilgang til bruk av logoen. Utviklingstyret i Valdres Natur- og Kulturpark er klageinstans.

6. Bedrifta bør vera representert i bedriftsregisteret på Valdresportalen - www.valdres.no, og sørgje for at flest muleg deltek på Valdresvert-kurs.

7. Ved registrering forpliktar ein seg til å motta elektronisk informasjon frå VNK

.

B. GODKJENNINGSPROSEDYRE

1. Søkjar fyller ut elektronisk søknadsskjema på www.valdresdesign.no

(Har du ikkje nett-tilgang kan du vende deg til VNK på tlf. 61 35 94 50)

2. Blir elektronisk søknadsskjema nytta, får du godkjenning og tilgang til hovudlogoen straks via e-post.

3. Ved søknad pr. post må søkjar pårekne noko svartid.

4. Godkjenning blir gitt av administrasjonen i VNK.

 

Alle spørsmål:

Valdres Natur- og Kulturpark
Tlf. 61 35 94 50
Tlf. 61 35 64 99
post@valdres.no